
Hedda skal jobbe i baren. Som fattig studentar flest gjev frivilligordninga og henne sjanse til å delta på festival. Ho kjem også frå Tønsberg, og festivalen gjer det lett å bli kjent med nye menneske frå andre stader i landet.
Kvifor vart du med på festivalen?
- Eg er glad i musikken dei spelar. Dei inviterar mange heilt nye artistar som er på veg til å bli ganske populære.
Kva synst du om festivalklubben Kastellnatt?
- Det er veldig kult at dei har forskjellige tema kvart år. Slottsfjellområdet er meir eller mindre likt, men Kastellnatt blir ein heilt ny stad å gå.
Har du vore her før?
- Dette er det niande året mitt. Eg har mykje gode minne frå dei fyrste åra. Festivalen har vore med å forme meg og den musikken eg høyrer på i dag.
Hedda
To brør
Svein Robert og Frode er brør. Dei vart frivillige fordi dei eigentleg skulle jobbe, men kunne likevel. Då kunne dei få jobbe som vakter saman. Frode snakkar veldig entustiastisk om frivilligordninga.
- Vi er i frå Tønsberg, og då stiller vi gjerne opp for byen vår. Vi har fått så bra informasjon, og har faktisk begynt å rekruttere så vi blir ein stor kameratgjeng her til neste år. Det er veldig gøy at vi har ein så bra festival her i Tønsberg.
For brørne er det ikkje fyrst og fremst musikken som dreg dei til festivalen.
- Artistane er underordna alt det andre. Det er herleg at alle møtast på “fjellet”, som er sjølve midtpunktet i byen. Musikken blir ein bonus. Arrangørane finn på mykje artig under festivalen. I fjor kunne ein vinne sin eigen do, i år var det ein slottsfjellcampingvogn.
Skapar nye kjentskap
Det sit tre guter på ein benk som skravlar og morar seg. Runar og Joshua har vorte kjent med Mathias på festen. Runar skal vera “supercrew”.
-Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjera, eg kan bli sett til alle moglege småjobbar.
Kva artistar skal de sjå?
Mathias er ganske klar for britiske Gallows, Joshua skal sjå kanadiske Crystal Castles, medan Runar er huga på tønsbergbandet Mhoo.
- Dei spelar ein bra slags folk-musikk, og det er lokalt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar